Gjennom tverrfagleg samhandling får tenestene betre og gjensidig forståing og oversikt over kvarandre sine oppgåver og blir betre til å koordinere innsats og ansvar slik at oppfølginga blir meir heilhetleg og samanhengande.

Les mer om kommunen sine tenestetilbod her.

Samhandlingsrutinar

Rutinar for samhandling er viktig, og ein har i kommunen utarbeidd rutinar for korleis ein skal gjere dette:

  1. Samhandling med føresette, sjå nivå 0 i BTI rettleiaren
  2. Samhandling med føresette og andre involverte tenester, sjå nivå 2 og nivå 3 i BTI rettleiaren.

Her finn du lenke til samtykkeskjema for deling av informasjon. Vi har også ein rettleiar for samtykke om ein treng informasjon kring lover og reglar for samtykke og signering av samtykke. Her må ein vere bevisste kven som er foreldre med foreldreansvar når ein får eit samtykke frå føresette.

Her finn du lenke til Stafettloggen som er Kinn kommune sitt digitale loggsystem for oppfølging og evaluering av tiltak kring barn og unge i kommunen. Før ein opprette ein logg skal ein alltid gje føresette god informasjon om kva ein stafettlogg er. Føresette må gje samtykke til oppretting av logg.

Når ein skal samhandle med andre tenester skal ein kalle inn til eit møte i oppfølgingsteam, og ein har mal for kva informasjon som skal følgje ei slik innkalling. Du finn også nyttige tips til gjennomføring av eit møte i oppfølgingsteam her. Kinn kommune har i tillegg tilbod om ressursgruppemøte for barnehagar og skular, der ein kan få drøfta bekymringar ein har rundt einskildbarn. Drøftinga skjer anonymt der det ikkje føreligg samtykke frå føresette. Ressursgruppene er organisert innanfor sektor oppvekst og undervisning.