Kinn kommune skal være ein lærande organisasjon. I dette ligg det at ein stadig er i utvikling og stadig søkjer ny kompetanse og kunnskap.

Skal kommunen vera ein lærande organisasjon må ein:

– Dokumentere den praksisen ein ynskjer

– Registrere og evaluere praksisen etter kvart både ved avviksmelding og “suksessmelding”

– Med jamne mellomrom gå gjennom og sjå på praksis og dokumentasjon

– Søkje og nytte ny praksis og kunnskap

Tilsette og føresette til barn og unge får kompetanse på ulike arenaer i kommunen

Føresette

Ulike tenester i kommunen når foreldra og føresette på ulike vis. Dette kan vere via svangerskapskurs, barselgrupper, foreldrerettleiing, foreldremøte og samtaler i regi av barnehage og skule. Målet her er å støtte foreldra og føresette ved å gje tilbod om rettleiing og/eller informasjon for best mogeleg ivaretaking av barn og unge.

Kommunen har ulike tiltak som hjelp og støtte til barn, ungdom eller føresette.

Informasjon om desse finn du på BTI-nettsida.

Tilsette

Tilsette får kompetansehevinga si gjennom arbeidsgjevar, i form av kurs, nettverksarbeid, satsingar og videreutdanningar. Kva kompetanse som vert tilbode, skal ha samanheng med kva behov arbeidsgjevar Kinn har. Dette behovet skal samsvare med det behovet som brukaren i kommunen har.

Kompetanseheving vert til dømes gjort på planleggingsdagar, i personalmøte, i tenesteleiarmøte og i bruk av planleggingstid i barnehagar og skular.