Medverknad innebær at brukaren blir sett på som ein likeverdig part i samtalar og beslutningar som angår hans eller hennes utfordring. Det viktigaste i møtet er god kommunikasjon kor alle partar er opne og lydhøre for kvarandre.

Når brukaren treng hjelp til å meistre kvardagen er det nokon få, men viktige element å hugse på for at hjelpar og brukar saman skal kunne komme fram til den beste hjelpa og støtten ein brukar treng.

  • å bli teken på alvor
  • å bli behandla med respekt
  • å føle tillit og tryggleik
  • å få hjelp når behovet er der

På tenestenivå har Kinn kommune medverknad på følgjande måte:

Skule

  • Elevråd
    • Faste møtepunkt kvar månad
  • Samarbeidsutval
    • Faste møtepunkt X tal gonger i året
  • Foreldrerådsutval
    • Faste møtepunkt X tal gonger i året
  • Elevundersøkinga, les meir på UDIR
  • Skulane sine mobbeundersøkingar
  • Foreldreundersøkingar, les meir på UDIR
  • Ung data undersøkinga

Barnehage

  • Foreldreundersøkinga- I kinn kommune nyttar den kommunale barnehagen og nokon av dei private barnehagane UDIR si foreldreundersøking. Les meir om undersøkinga her