Medverknad handlar om at brukarar skal ha innflytelse på beslutningsprosessar og utforming av tenestetilbodet. Brukarar har rett til å medverke, og tenestene har plikt til å involvere brukaren. Medverknad er ein lovfest rettigheit, og er dermed ikkje noko tenesteapparatet kan velga å forholde seg til eller ikkje.

Ein har ulik medverknad på dei ulike nivå i modellen. På kommunenivå har ein medverknad på følgjande måte i Kinn kommune:

  • Brukarråd
  • Ungdomens kommunestyre
  • Kommunestyret
  • Utvalsmøter
  • Kartleggingar og brukarundersøkingar
  • bedrekommuner.no

Kommunen gjennomfører kvart tredje år Ungdata undersøking. Dette er ei lokal ungdomsundersøking som vert tilbydd gratis til alle kommunar og fylkeskommunar i landet. Sidan 2010 har  439 200 ungdommar frå 405 kommunar og frå Svalbard delteke i denne undersøkelsen. Ungdata gjev dermed eit godt innblikk i korleis det er å vere ung i Norge i dag.

KoRus bistår kommunane i sin region med planlegging av undersøkinga, utforming av spørjeskjema og rettleiing om gjennomføringa. KoRus kan også, etter avtale, delta i den lokale drøftinga av resultata frå undersøkinga.

Sjå resultat frå siste Ungdataundersøkinga i Kinn kommune her