Avviks- og kvalitetssystem er sikring av praksis.

Kvalitetsystemet skal sørgje for at vedtekne prosedyrar følgjast og at pålagde og planlagde oppgåver gjennomførast. Ein har eit system som oppdagar og rapporterar avvik.

Kinn kommune nyttar Compilo som sitt kvalitetssystem.

Tilsyn og forvaltningsrevisjon 

Sikring av rett praksis skjer også gjennom tilsyn og gjennom forvaltningsrevisjon.

Tilsyn betyr at ein instans innan offentleg forvaltning undersøker om kommunen overheld lov og regelverk og at innbyggjarane får dei tenestene dei har krav på. For Kinn kommune er det Statsforvaltaren i Vestland som utfører tilsynet, men det kan også vera Arbeidstilsynet eller andre statlege instansar.

Forvaltningsrevisjon er ei systematisk vurdering av korleis kommunen sin administrasjon utfører sine oppgåver opp mot kva kommunestyret har vedteke. I ein forvaltningsrevisjon kan ein til dømes vurdere om ressursbruken samsvarar med politiske vedtak og føresetnader, om ressursbruken er effektiv og om regelverk vert fylgt.

Kontrollutvalet i Kinn kommune skal føre tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegner. Kontrollutvalet har som hovedføremål å medverke til ei ålmenn tillit i befolkning, i høve best mogeleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare skal utvalet medverke til at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og politiske vedtak.