Kinn kommune blei etablert 1 januar 2020. I prosessen med samanslåinga av Flora og Vågsøy kommune, blei det vald ut sju prinsipp som skal være styrande for arbeid som vert utførd i Kinn kommune. Dei sju prinsippa er:

Nærleik til tenestene; Dei kommunale tenestene skal vere der brukaren er. Førebygging og tidleg innsats – i alle fasar av livet, Heilskap og samhandling; samsnakka og koordinerte tenester. God kvalitet; levere tenester i samsvar med krav og forventingar, Kompetanse; ein kommune med evne og kvalifikasjonar, Deltaking og brukarmedverknad; ein kommune som inkluderer i prosessane og 24/7 forvalting; ein døgnopen kommune med digitale løysingar.

BTI vil være ein nyttig rettleiar i arbeidet med utviklinga av samarbeid og samhandling på tvers i kommunen, og vil være med å bidra til førebygging, tidleg innsats, samordning og medverknad. BTI som modell støttar såleis opp om dei sju prinsippa som skal være styrande for Kinn kommune.

Kommunale føringar:

Handlingsprogram og økonomiplan 2021 – 2024

Samfunnsdelen til kommuneplanen 2020 – 2032

Rammer for arbeidet med Temaplan for oppvekst (under arbeid)

Rammer for arbeidet med Temaplan for Helse og Velferd (under arbeid)

Skulebruksplan – under arbeid

Planstrategi for Kinn 2020 – 2023

Tidleg innsats barn i risiko ( TIBIR)

Plan for folkehelsearbeid