Medverknad handlar om at brukarar skal ha innflytelse på beslutningsprosessar og utforming av tenestetilbodet. Brukarar har rett til å medverke, og tenestene har plikt til å involvere brukaren. Medverknad er ein lovfest rettigheit, og er dermed ikkje noko tenesteapparatet kan velga å forholde seg til eller ikkje.
Ein har ulik medverknad på dei ulike nivå i modellen. På kommunenivå har ein medverknad på følgjande måte i Kinn kommune:
- Brukarråd
- Ungdomens kommunestyre
- Kommunestyret
- Utvalsmøter
- Kartleggingar og brukarundersøkingar
- bedrekommuner.no
Kommunen gjennomfører kvart tredje år Ungdata undersøking. Dette er ei lokal ungdomsundersøking som vert tilbydd gratis til alle kommunar og fylkeskommunar i landet. Sidan 2010 har 439 200 ungdommar frå 405 kommunar og frå Svalbard delteke i denne undersøkelsen. Ungdata gjev dermed eit godt innblikk i korleis det er å vere ung i Norge i dag.
KoRus bistår kommunane i sin region med planlegging av undersøkinga, utforming av spørjeskjema og rettleiing om gjennomføringa. KoRus kan også, etter avtale, delta i den lokale drøftinga av resultata frå undersøkinga.
Sjå resultat frå siste Ungdataundersøkinga i Kinn kommune her