Brukarmedverknad innebær at brukaren sjåast på som ein likverdig part i samtalar og beslutningar som angår hans eller hennes utfordring. Det viktigaste i møtet er god kommunikasjon kor alle partar er opne og lydhøre for kvarandre.
Når brukaren treng hjelp til å meistre kvardagen er det nokon få, men viktige element å hugse på for at hjelpar og brukar saman skal kunne komme fram til den beste hjelpe og støtten ein brukar treng.
- å bli teken på alvor
- å bli behandla med respekt
- å føle tillit og tryggleik
- å få hjelp når behovet er der
I tillegg har brukarmedverknad ein eigenverdi i at mennesker som søkjer hjelp, på linje med andre, gjerne vil styre over viktige delar av eige liv, motta hjelp på eigne premissar og bli sett og respektert i kraft av sin grunnleggjande verdigheit.
Viss brukaren kan påverke omgjevnadene gjennom eigne val og ressursar, vil det kunne påvirke sjølvbildet på en positiv måte og dermed styrke brukaren sin motivasjon. Dette vil kunne bidra positivt til brukarens betringsprosess, og såleis ha ein terapeutisk effekt. I motsatt fall kan den hjelpelausheiten mange brukarar opplever bli forsterka.
På individnivå har ein brukarmedverknad på følgjande måte:
- Utviklingssamtale
- Medarbeidersamtale
- Foreldresamtale i barnehagen
- Klassens time
- Stafettloggmøte
- Drop in- Ungdommens helsestasjon
- avviksmelding i Compilo
- Tilbakemeldingsknapp for handlingsrettleiar
Kinn kommune visar til pasient- og brukarrettighetslova § 4 i høve samtykkekompetanse:
- For barn og ungdom i alder 12 – 16 år skal vedkommandes meiningar vektleggast. BArnet/ungdommen kan fremje ynskje om at informsasjon om visse forhold ikkje blir gitt til føresette. Helsepersonell må gjere ein vurdering i kvart enkelt tilfelle.
- Ungdommar mellom 16 – 18 år har rett til å samtykke sjølv.
Ein sikrar brukarmedverknad med:
- Fast kontaktperson som føl barnet
- Barn som pårørande
- Koordinerande eining
Desse tiltaka sikrar systematisk evalueringsarbeid og kontinuitet i oppfølginga av barn og unge, og deira familiar